Buldrevegg

Flottaste buldreveggen i området

Kom innom senteret og sjå den flotte veggen i storesalen vår.

Veggen består av ein vertikal del,10,20 og 40 graders heng og med nye klatretak frå Tjelmeland friksjon.

 

Bruk av buldrevegg utanfor arrangerte aktivitetar:

 

Buldreveggen vil vere open for at foreldre kan ta med seg barna på barnebuldring utanfor arrangerte aktivitetar.

 

Dei som er medlem betalar då 50,- pr. barn pr. gang i pengeskrin som heng ved buldreveggen. Dette er basert på tillit og vert kontrollert av og til. Misbruk fører til utestengelse og i verste fall fjerning av tilbodet.

 

Veggen vil vere open for dette kvardagar fram til kl. 17 og Lørdag og Søndag fram til kl 14.

 

Dei som ikkje er medlem kan kjøpe dagspass på nett kr 100,-,har du med born kostar det kr 50,- pr barn som betalast i pengeskrin ved buldrevegg,eller du kan velge ein voksen og eitt eller to barn ved kjøp via nettinnmelding.

 

Vi ber alle som nyttar seg av dette lese gjennom reglane som gjeld for buldreveggen og følgje desse. Organisert barnebuldring har oppstart på haust og etter nyår. Info om dette blir lagt ut på vår FB side fortløpande. Sjå meir info under Arrangert Barnebuldring.

Viktige reglar

  • Veggen er ikkje ein barnepassar medan foreldre trenar!
  • Foreldre MÅ vere til stades og passe på medan barna klatrer.
  • Barn skal kun opphalde seg i området med tjukkas/buldrevegg – IKKJE forstyrre dei som nyttar seg av senteret ellers.
  • Foreldre er sjølve ansvarlege for borna dei har med seg i veggen, og at reglane for buldrevegg blir følgde.

 

Leige buldrevegg til barnebursdagar

 

Det er mogeleg å leige buldreveggen til bursdager og liknande.

Vi har eige lokale til bursdagsfeiring.

Vi leiger ut buldreveggen fredag, laurdag og søndag i tidsrom der det ikkje er andre aktivitetar.

2 timar Kr. 1000,-

 

Er dette noko du har lyst til? Ta kontakt på post@jolstertreningssenter.no for nærmare avtale.

 

Arrangert Barnebuldring: Det blir annonsert på våre FB-sider når nye grupper startar!

Ordensreglar Buldrevegg

  • All buldring i veggen til Jølster Treningssenter foregår på eige ansvar. Vennlegst vis omsyn til dei rundt deg.
  • Klatre ikkje over kvarandre, og opphald deg aldri under nokon som allereie er komne opp i veggen. Følg med!
  • Ein skal vere fylt 15 år for å klatre aleine i veggen!
  • Klatre aldri opp på platåer over klatrevegg. Det kan føre til utestenging frå vegg.
  • Leik og springing på tjukkas er ikkje tillatt når det er nokon i veggen.
  • Klatre aldri høgare opp enn kva du meistrar.
  • Finn du lause klatretak? Sei ifrå til instruktør eller send ein e-post til post@jolstertreningssenter.no
  • Det skal til ein kvar tid kun nyttast innesko med lys såle, eller klatresko i veggen.
  • Rydd til en kvar tid opp etter deg!

Ordensreglar for barn i Buldrevegg

  • Buldreveggen vil vere open for at foreldre kan ta med seg born på barnebuldring utanfor arrangerte aktivitetar.
  • Dei som er medlem betalar då 50,- pr. barn pr. gang i pengeskrin som heng ved buldreveggen. Dette er basert på tillit og vert kontrollert av og til. Misbruk fører til utestengelse og i verste fall fjerning av tilbodet.
  • Veggen vil vere open for dette kvardagar og helg fram til 17.00
  • Dei som ikkje er medlem kan kjøpe dagspass på nett kr 100,-,har du med born kostar det kr 50,- pr barn som betalast i pengeskrin ved buldrevegg.
  • Vi ber alle som nyttar seg av dette lese gjennom reglane som gjeld for buldreveggen og følgje desse. Organisert barnebuldring har oppstart på haust og etter nyår. Info om dette blir lagt ut på vår FB side fortløpande. Sjå meir info under Arrangert Barnebuldring.
  • Rydd til en kvar tid opp etter deg!

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle