Velkomen til Jølster Treningssenter

Siste nytt frå oss:

  • Korona virus - førebyggjande tiltak

    Vi stenger treningssenteret frå i dag torsdag 12.03.2020 grunna nye korona tiltak som blei annonsert av Helsedirektoratet. Stenging vil i første omgang bli på ubestemt tid, dei har annonsert fram til neste torsdag 19.03, men vi må forberede oss på at dette kan dra ut lenger.

    Vi informerer på vår heimeside og FB side ved oppdateringar.

    Vi håper på forståelse for dette og vonar at alle våre medlemmar held seg friske og raske i perioden framover.

    Mvh Styre i Jølster treningssenter

    Les meir

  • VI LANSERER NY TIMEPLAN FOR INNMELDING TIL VÅRE TIMAR !

    Vi lanserer ny timeplan og håper dette forenklar våre medlems kvardag :)
    Trykk på linken øvst på framsida til høgre.

    Her kan du lage deg eigen profil. Viktig at du her går inn og godkjenner oppdatering via sms og epost slik at du er sikker på at du mottar viktig informasjon frå oss.

    Her kan du følge med på timar du har hatt og timar du er påmeldt.

    Les meir

  • Endra tider i buldreveggen

    Vi har frå no i Januar 2020 opna opp for at du kan buldre med born fram til kvardagar

    Kl. 17 00, men no også laurdag og søndag fram til 17 00.

    Les meir

  • Timeplanen for vinter / vår 2020 er endeleg her!!

    Da har våre kjekke og treningsglade instruktørar laga ny timeplan for våren 2020. Hugs dette er eit utgangspunkt. Nytt vår time reservasjon for å sjå om timane er satt opp og om det er plass til deg: https://www.jolstertreningssenter.no/booking/

    Les meir

  • Våre samarbeidspartnarar

    Les meir

  • Jølster Treningssenter SA inngått avtale med Antidoping Norge

    Jølster Treningssenter har inngått avtale med Antidoping Norge og har derfor endra medlemsvilkåra. Vi ber alle medlemane lese teksten under som er lagt til i medlemsvilkåra. Anbefalar også medlemmane våre om å gå inn på www.rentsenter.no og gjennomføre e-læring: Grunnleggande info om antidopingsarbeid. Lag ny brukar med senterkode: DR57T

    MEDLEMSVILKÅR RENT SENTER:

    Jølster Treningssenter SA har inngått avtale om Rent Senter med Antidoping Norge fordi vi ynskjer et reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt treningssenter.
    Vi tolererer difor ikkje bruk av dopingmidlar blant våre kundar.

    Som medlem av Jølster Treningssenter SA tek eg avstand frå bruk av dopingmidlar, og er kjend med at bruk av dopingmidlar utgjer et vesentleg misleghald av medlemsavtala som gjev Jølster Treningssenter SA rett til å heve avtala umiddelbart.

    Eg forpliktar meg til ikkje å bruke dopingmidlar som framkjem på særskilt dopingliste for treningssenter. Eg er kjend med at lista til ein kvar tid kan finnast på www.rentsenter.no

    Jølster Treningssenter SA har inngått avtale med Antidoping Norge om gjennomføring av dopingkontroll. Der senteret registrerer tegn og symptom på bruk av dopingmidlar er eg inneforstått med at eg vil bli kalla inn til ein samtale. Under samtala vil eg bli forelagt ein avtale om dopingkontroll som forpliktar meg til å avgje dopingprøve mens eg befinn meg på treningssenteret hvis det fortsatt ligg føre teikn til mogeleg dopingbruk.

    Dersom eg ikkje signerer erklæringa, blir det å ansjå som et vesentlig misleghald av min medlemsavtale, og Jølster Treningssenter SA har anledning til å heve treningsavtala.

    Med ikraftsettelse fra 1.juli 2013 er all bruk av dopingmidlar kriminalisert etter Legemiddellova, § 24 a. Bruk av - eller mistanke om bruk av dopingmidlar på Jølster Treningssenter SA kan bli politimeldt.

    Les meir