Om Jølster Treningssenter

Jølster Treningssenter SA er eit sjølvbetjent treningssenter på Vassenden, plassert i gamle Lefi bakst bygget. 

Parkering finnast på oppsida av bygget, sjå kart under:

kart
Treningssenteret er eigd av bygda, over 140 andelseigarar har bidratt til å få dette til. Ikkje minst huseigar Ivar A. Sunde som har hatt trua på prosjektet vårt og har vert ein stor bidragsytar for at dette skulle gå. 

I tillegg til andelseigarar, har Jølster Treningssenter SA solgt sponsorpakkar til våre samarbeidspartnerar som har logoar på vår heimeside og i våre lokale. 

I 2011 var vi 3 karar som ønska og få med bygda på å starte opp treningssenter, og etter over 2 år med hard jobbing og planlegging har vi endeleg kome imål med våre planar.  I dag har vi fått inn 2 ekstra i styret slik at vi totalt er 5 stk i styret. I tillegg til oss har vi med oss ein fantastisk gjeng på instruktørfronten som jobbar dugnad for at du skal få eit flott tilbud lokalt i Jølster.

Vi er takknemlege for all den støtte vi har fått. Vi er stolte over kva vi har fått til, og håper alle våre sambygdingar er like stolte over tilbudet vi no har i bygda. 

Jølster Treningssenter vil etter kvart som behovet er der, utvide dagens tebod og utstyr. Det er berre å kome med tips og ønske undervegs. 

Jølster Treningssenter tilbyr:

  • Opningstid frå 04.30 – 24.00 kvar dag, heile året.
    • Døra er stengt fra Kl. 23.00. Men ein kan trene i våre lokaler fram til 24.00.
  • Eigentrening frå ein alder av 15 år (mot samtykke av forelder) 
  • Spinningtimar til alle våre medlem, inkludert i prisen. (Påmelding via kalender)
  • Kettlebell, tabata, yoga og styrketrening. Vi har noko for alle. 
  • Lavterskel tilbod i samarbeid med Fysioterapaut Kristine Løvlid
  • Ungdomstimar for ungdom mellom 12 – 15 år ilag med instruktørar. 
  • Samarbeid med Jølster Alpin, trening ilag med instruktørar frå alpingruppa. (styrast av alpingruppa)
  • Ein sosial møteplass i bygda, der ein kan møte likesinna og diskutere framgang og motivere kvarandre! 
  • Jølster Treningssenter har samarbeid med personleg trenar. Dei som ønskjer å benytte seg av dette, ta kontakt enten via facebooksida eller mail. 
  • Fysioterapaut på Treningssenteret.

 

 

Fysioterapeut – samarbeid med Kristine Løvlie:

Kristine Løvlie arbeider som privatpraktiserande fysioterapeut ved Fysio Sør, som held til på Jølster treningssenter. Ho har og kontor i Helsehuset Førde.

Kristine flytta til Førde som nyutdanna i 2013, og har sidan då opparbeidd seg erfaring frå privat praksis, kommune og sjukehus og vore leiar for Helsehuset Førde 2015/2016. Ho har hatt ulike arbeidsoppgåver i regi av Jølster treningssenter, Spenst Førde og Spenst Florø.

Ho er også kvinna bak Aktiv Kvardag i Jølster, eit gratis treningstilbod for alle med Nav-tiltak, starta i oktober 2016.

For meir informasjon: AKTIV KVARDAG

Hennar praksis baserar seg på vitskapleg dokumenterte undersøkingar og behandlingsformer, der målet er å fremje ein endringsprosess hos pasientane ved å fjerne eller lindre smerte, betre eller oppretthalde funksjonsevne.

I sin fysioterapipraksis tilbyr ho:

–          Undersøking og diagnostisering

–          Aktiv rehabilitering med øvingar og sjølvstendiggjering

–          Manuell behandling

–          Djupmassasje og triggerpunktbehandling

–          Trykkbølge

–          Gruppebehandling

–          Førebyggjande treningsprogram

–          Diverse kurs

Kontaktinformasjon og timebestilling:

Fysio Sør – Sageveien 28, 6847 Vassenden

Tlf: 46 12 75 85

Epost: kristinefysioterapi@gmail.com

Barnebuldring:

BESTE BULDREVEGGEN MELLOM BERGEN OG TRONDHEIM

Sjå meir info under fana for Buldrevegg

Våre Vedtekter:

Jølster Treningssenter SA er eit samvirkeforetak, som baserar drift på dugnad og frivilligheit.

For meir info om vår selskapsform og våre vedtekter, klikk på linken under:

VI MINNAR OM VÅRE ORDENSREGLAR