AKTIV KVARDAG PÅ JØLSTER – I SAMARBEID MED KRISTINE

Kven er eg?

Eg er utdanna fysioterapeut. Eg heiter Kristine og er 25 år. Kjem frå Geilo, er mor til Tilla, eg har sambuar, og vi bur på Vassenden.

kristine-lovlid-bilde

I eit samarbeid med Jølster treningssenter startar eg opp eit aktivitetstilbod frå oktober 2016. Om du oppfyller kriterium for å delta, er dette heilt gratis.

Eg vil hjelpe deg som er delvis eller heilt utanfor arbeidslivet. Eg vil skape ein arena og ein møteplass, der eg rettleiar og motiverer deg til ein aktiv kvardag, med sunn fysisk aktivitet.

Eg hjelper deg å kome i gang, og eg vil motivere deg til å fortsette!

 

Kva er Aktiv Kvardag?

Aktiv Kvardag er eit gruppetilbod retta til personar som mottar yting frå nav; sjukepengar, attførings- eller rehabiliteringspengar, dagpengar, arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.

Aktiv Kvardag er timar med styrke og kondisjonstrening på treningssenter, og arrangerte turar i naturen. Du vil få auka kunnskap om trening og helse. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje erfaring frå før. Dersom du har særeigne behov, vil eg gje deg tilpassa øvingar. Du får med andre ord, verktøy og mogligheit til å betre din helsetilstand både fysisk og psykisk!

 

 

GRUPPETILBOD PÅ JØLSTER TRENINGSSENTER

AKTIV KVARDAG torsdagar kl 10.00-11.00.

Enkel og effektiv gruppetrening for alle – uansett forutsetningar.
Vi trener både kondisjon og styrke, fysioterapeut vil rettleie. Varigheit er 60 min.

 

LAVTERSKEL TRENING tirsdagar kl 17.00-18.00.

Lavterskel Trening er et treningstilbod særlig tilpassa 55+, og/eller deg som ikkje har så mykje erfaring med trening. Andre medlem av treningssenteret er velkomne til å delta på desse øktene. Varigheit er 60 min.

 

UNDERVISNING

Deltakarane får moglegheit til å delta på oppsette undervisningsprogram. Tema er treningslære, trening med smerte og smerteforståing. Meir info om dette kjem.

 

TURAR

Deltakarane får moglegheit til å delta på arrangerte fotturar i nærområdet samen med gruppa. Meir info om dette kjem.

 

PÅMELDING

Meld deg på ved å sende e-post til: krislovlie@gmail.com

  • Før inn fullt navn og adresse, din fødselsdato og telefonnummer.
  • Legg ved dokumentasjon frå nav (kopi av vedtak på til dømes sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, dagpengar).
  • Alternativt kan du vise dokumentasjon når du møter til trening.

Det er mogeleg å delta på gruppetimane for å teste ut, utan avtale på førehand, og utan plikt til vidare deltaking.

 Oppstart: Aktiv Kvardag

Torsdag 20. okt 2016 – kl  10.00-11.00

Velkomen skal du vere!

 

For meir informasjon kontakt fysioterapeut Kristine Løvlie på 995 96 846.